OPS: Eit originalt samarbeid

av | apr 1, 2005 | Privatisering

Departementet lot marknadsaktøren KPMG skriva ein
«veileder» om offentleg-privat samarbeid (OPS) for
heile offentleg sektor. Ein annan original vri er at KPMG leverte
Høgres statsråd med ansvar for
området.

Høgres sosialminister Ingjerd Schou strålte
då ho la ned grunnsteinen for Bråset bu- og
omsorgssenter i Røyken hausten 2003. «Asker og
Røyken har klart å sprenge grenser mange andre ville
funnet uoverstigelige», uttalte statråden, som hylla
dei to Høgre-styrte kommunane for å ha «funnet
et originalt samarbeid mellom offentlig og privat
sektor».

Det originale samarbeidet skulle gå ut på at Selvaag
Senior AS står for investering, bygging og eigarskap, medan
dei to kommunane blir ståande som leigetakarar av den nye
sjukeheimen i 20 år framover. Eit skuleeksempel på
offentleg-privat samarbeid (OPS).

Bygginga var godt i gang. Det nærma seg innflytting. Selvaag
hadde 20 år med sikre og gode inntekter innan rekkevidde. Men
så skjedde noko uventa. Ein eller annan i administrasjonen i
Asker, eller var det Røyken, hadde fått det for seg
å rekna på kostnadene. Ingen hadde laga ei oppstilling
av kva kostnadene ville bli ved enden av OPS-perioden, samanlikna
med normal kommune-drift. Byråkratane trykte i veg og
kalkulatorane leverte varen: I 2024 ville OPS-alternativet vore 115
millionar kroner dyrare enn om kommunane tok over sjukeheimen
frå september 2004.

115 millionar er eit stort tal for fattige kommunar. Og det var
eigentleg enno større: Selvaag måtte ha 13 millionar i
kompensasjon. Og kommunane måtte ta over lånet
selskapet hadde tatt opp for å finansiere utbygginga. Eit
privat lån er alltid dyrare enn offentleg sektor-lån.
Det er fordi risikoen for at banken taper lånesummen er lik
null når det offentlege står ansvarleg, staten og
kommunane går ikkje konkurs. Med berre 0,5 prosentpoeng betre
rentevilkår enn Selvaag, ville finansieringskostnadene for
dei to kommunane over 50 år gått ned med 33,6 millionar
kroner. Hausten 2004 var det for seint å gjera noko med
dette. Likvel ville Asker og Røyken få sjukeheimen 115
millionar kroner billegare anno 2024 ved å skrinleggja
OPS-kontrakten.

Og det gjorde dei. Det finst grenser for kor uoverstigelege grenser
sjølv Høgre-styrte kommunar har lyst til å
sprengja.

Britisk OPS-fadese
«OPS er berre er
ein ny måte å privatisera på. Det er eit tiltak
for at private kapitalinteresser skal få mjølka dei
offentlege budsjetta», uttalte forbundsleiar Jan Davidsen i
Fagforbundet til Klassekampen 17.08.04. «Vi synes, for en
gangs skyld, at Davidsen har et poeng», responderte Trygve
Hegnar på leiarplass i Finansavisen dagen etter.

Hegnars poeng var dette med at offentleg sektor får billegare
lån enn private selskap: «Renten kan faktisk være
både ett og to prosentpoeng høyere for private
investorer som må finansiere seg i markedet, og
følgelig må finansieringskostnadene bli veldig mye
større». OPS er ikkje berre dyrare, men ofte
dårlegare også. Det hevdar kritikarane av OPS i
Storbritannia, som er landet der systemet er utvikla lengst, sidan
høgresida introduserte det i 1992 og Tony Blair fekk fart
på sakene frå 1997. Fleire OPS-sjukehus har utvikla seg
til skandalar. Dei private utbyggarane tek alle moglege snarvegar
for å halda kostnadene nede og profitten oppe, hevdar
kritikarane.

  • Ved sjukehuset Royal Calderdale i Halifax er det rapportert om
    strømbrot og skadedyr i veggane.

• Ved Norfolk and Norwich oppdaga ein sjukepleiar at
to isolasjonsrom var defekte, med fare for å pumpa
døydelege bakteriar ut i sjukehuskorridorane.
Isolasjonsromma, meint for pasientar med sjukdommar som tuberkolose
og Sars, vart ståande inoperative i nesten tre år.

 

OPS blir også kritisert for å vera eit system som
skuffar offentlege pengar over i private lommer som profitt. Ein
populær metode blant britiske OPS-selskap er å
refinansiera låna sine straks utbygginga er ferdig. Då
har risikoen i prosjektet gått kraftig ned, og renta på
lånet kan gå same vegen. Samtidig blir den årlege
betalinga frå statskassa ofte verande på same
nivå som i OPS-kontrakten, basert på det gamle og
dyrare lånet. Selskapa som fekk kontrakten på å
byggja det britiske Fazakerley-fengslet i desember 1995
gjennomførte ei slik refinansiering.

Den britiske riksrevisjonen har avslørt at Group
4/Carillion på denne måten auka profitten på
prosjektet frå førespegla 13 prosent til 39 prosent. I
reine pengar var den ekstra profitten over 130 millionar kroner.
Heile utbygginga var tilbakebetalt i løpet av dei to fyrste
åra av kontrakten, dei 23 siste er rein profitt for det
private selskapet.

I juli 2004 rapporterte The Observer at eit knippe finans-
og byggeselskap i London har hausta over to milliardar kroner (170
millionar pund) i ekstraordinær profitt frå bygginga av
fire OPS-sjukehus.

«OPS er den store offentlege skandalen i vår tid, og
dei avslørte refinansieringane av desse avtalene er til
spott og spe for ein kvar som trur at dei representerer meir for
pengane for skattebetalaren», uttalte Michael Meacher,
tidlegare miljøstatsråd for Tony Blair, i The Observer
4. juli 2004. På landsmøtet til Labour-partiet i 2002
vann opposisjonen mot OPS fram. 67 prosent av delegatane trossa
partileiinga, og røysta for at OPS må leggjast
på is. Tony Blair har overhøyrt partiet.

Trass i mange graverande historier om det britiske
OPS-eksperimentet, er det stor entusiasme for OPS i visse krinsar
her i Noreg. I Sem-erklæringa til regjeringa Bondevik II,
står det at regjeringa vil «legge til rette for
økt offentlig og privat samarbeid, OPS», samt at
«det forutsettes en utvidet bruk av OPS-ordninger for
prioriterte tiltak» innan Vegvesenet, Jernbaneverket og
kystverket.

Kor tek dei entusiasmen frå? Ein telefon til Storbritannia
førte meg nærare svaret.

London calling
Det finst eit Mekka for
privatisering, og det heiter London. Her har KPMG, Ernst &
Young, PricewaterhouseCoopers og over 100 andre selskap innanfor
finans, revisjon og rådgjeving bygd opp sitt private
eksportråd for OPS: PPP Export Group. PPP står
for Public Private Partnership, som er det britiske namnet for
OPS.

«Dei siste to åra har det tatt av. Vi har sett ein
enorme auke i interessa for OPS. Eg har direkte kontakt med 40
regjeringar som vil ha offentleg-privat samarbeid, og eg veit om 40
andre land som snusar på det», fortalde Stephen Harris
til Klassekampen 26.08.04. Han er internasjonal sjef i
International Financial Services, London (IFSL). IFSL er
interesseorganisasjonen til 120 private selskap, mange av dei
finansieringsbankar eller rådgjevingsselskap av typen KPMG.
Det er IFSL som har etablert PPP Export Group.

«Vårt mål er å utvida den globale marknaden
for OPS mest mogleg. Vi tenkjer ikkje så mykje på om
dei britiske selskapa som eig oss får ein større del
av kaka, berre på at kaka skal bli mykje
større», opplyste den oppglødde entusiasten
Harris over telefon.

Regjeringsbyråkratar og direktørar frå heile
verda valfartar til London og IFSL for å læra om
privatiseringsmirakelet OPS. Sidan regjeringa Major fekk det fyrste
programmet i gang tidleg på 1990-talet, har kontraktar verdt
over 690 milliardar kroner gått til private selskap gjennom
OPS. Mange av selskapa gjer enorme profittar. Og rådgjevarane
får lukrative oppdrag. Derfor er leiaren for PPP Export Group
ikkje uventa Timothy Stone frå KPMG.

Fordi Storbritannia er i forkant, er 99 prosent av OPS-ekspertisen
i verda konsentrert i London, meiner Harris. IFSL går i
bresjen for å eksportera denne ekspertisen. Hos IFSL
får regjeringsdelegasjonane undervisning og råd gratis.
Britane har også vore aktive i etableringa av eigne
avdelingar for eksport av OPS til fattige land både under FNs
utviklingsprogram (UNDP) og Verdsbanken.

Minst ein norsk delegasjon har vore på OPS-kurs hos IFSL i
London. Ein delegasjon frå Helsedepartementet og dei
regionale helseforetaka var der tidleg i 2003.

Dei fyrste tre statlege OPS-prosjekta i Noreg er vegbygging, noko
berre SV på Stortinget røysta mot i Nasjonal
transportplan. Vegsatsinga er heilt i tråd med taktikken som
International Financial Services, London vil tilrå, fortalde
Stephen Harris: «I mange land er vegprosjekta det fyrste
steget. Dei er lette å få igjennom. Du får ikkje
alle dei sosiale problema, som kan dukka opp med sjukehus, skular
og slike ting».

OPS-mannen var overraska over at Noreg er på full fart inn i
OPS-eventyret: «Vi trudde ikkje Noreg skulle vera så
interessert. Det finst jo ei eiga nordisk haldning til offentlege
tenester. Men det går verkeleg fort der oppe no»,
skrøyt han. Og han var fullt klar over at eit av selskapa
som står bak eksportoffensiven frå London har bidratt
til at Noreg har fått opp farta: «KPMG har vore ganske
aktive i Noreg og fått til ein god del no».

KPMG-rapporten
Kva er KMPG? KPMG er eit globalt rådgjevingsselskap som har
jobba mykje med rådgjeving i OPS-prosjekt i Storbritannia,
New Zealand, Australia og fleire land. «Vi har ei reint
kommersiell interesse i dette», opplyste Ben Guren til
Klassekampen 21.08.04 Han styrer KPMGs avdeling
Rådgivning for offentlig sektor.

«KPMG er markedsledende innen OPS. Vi tilbyr rådgivning
om alle sider ved OPS-prosjekter, inkludert forretningsmessig og
politisk gjennomførbarhet», skriv KPMG i Storbritannia
på si nettside. KPMG har vore involvert som rådgjevar
ved over 140 britiske OPS-prosjekt, til ein total kontraktsverdi av
over 500 milliardar kroner.

Dette firmaet var det Nærings- og handelsdepartementet under
Ansgar Gabrielsen (H) hyra inn for å laga ein rapport om
erfaringane med OPS i utlandet og utsiktene for OPS i Noreg.
Rapporten kom på bordet i mars 2003: «Dersom OPS skal
bli noe mer enn sporadiske forsøk i enkeltetater eller
kommuner de neste fem årene, må det tas initiativ fra
sentralt hold for å utvikle et marked», skriv KPMG. Og
selskapet tilrår så absolutt at det blir tatt slike
initiativ. For OPS har vore litt av ein suksess i Stortbritannia,
skal vi tru rapporten frå KPMG.

Og det gjorde i alle fall departementet. Rapporten vart sendt ut
på høyring, med logoen til KPMG i det eine
hjørnet og departementet sin i det andre. Ingen stad gjekk
det fram at KPMG er eit firma med kommersielle interesser i
utviklinga av OPS-marknaden. Og rapporten vart lagt til grunn for
arbeidet med ei rettleiing om OPS som skal gå ut frå
staten til alle kommunar og etatar over heile landet.
 
– «Mitt inntrykk er at denne rapporten held ein god
standard», uttalte avdelingsdirektør Pål
Hellesylt i Nærings- og handelsdepartementet til Klassekampen
21.08.04. «Denne rapporten ser på ingen måte
truverdig ut. Det verkar ikkje som om KPMG prøver å
fortelja sanninga om erfaringane med OPS i Storbritannia»,
uttalte derimot seniorforskar David Price ved University College
Londons School of Public Policy 12 dagar seinare. Då hadde
Price, ein av dei fremste forskarane på OPS i Storbritannia,
og ein kollega gått igjennom delar av rapporten. Hadde
departementet stolt på ein rapport der bukken fortalte om
tilstanden i havresekken?
 
Value for money
KPMG hevdar i rapporten:
«I analysen av 250 OPS-prosjekter kom det frem at
OPS-prosjektene hadde bidratt til øket ‘value for money’.
Studien viste at i snitt hadde OPS gitt 17 prosent mer for pengene
enn den vanlige offentlige modellen».

Kjelda for KPMGs påstand er ein rapport datert 2000 frå
«HM Treasury Taskforce», det vil seia OPS-gruppa til
det kongelege Finansdepartementet i London. Referansen ser solid
ut. Ved nærare ettersyn viser det seg at:

  • Rapporten vart skriven av Andersen Consulting, eit privat
    konsulentfirma med like klare kommersielle aktørinteresser i
    OPS-marknaden som KPMG.
  • Rapporten tar for seg 29 britiske OPS-prosjekt, ikkje 250. KPMG
    har lagt til dei siste 221 på eiga hand.
  • Over 80 prosent av den påståtte innsparinga skriv
    seg frå berre tre av dei 29 prosjekta.

• Og mest interessant: Dei 17 prosentane er ikkje
realisert innsparing, men innsparinga som er prosjektert av
OPS-ivrige tenestemenn når dei har sendt inn prosjektet for
godkjenning hos regjeringa. Om gullet og dei grøne skogane
faktisk har materialisert seg, seier Andersen Consulting ingenting
om. Har det gått bra, eller har det gått dårleg?
Det får ikkje lesaren vita i KPMG-rapporten.

 

Veldig mykje har gått veldig dårleg. Det
famøse IT-prosjektet National Insurance Reporting System
(NIRS2) frå 1995, der Andersen Consulting skulle laga eit
nytt datasystem for heile den britiske folketrygda. Prosjektet
inngår i studien der Andersen Consulting fann sine 17 prosent
i gjennomsnittleg innsparing. Men det inngår berre slik det
såg ut på papiret, ikkje slik det vart i praksis.

Anno april 2000 var prosjektet tre år forseinka og plaga av
enorme tekniske vanskar. Tala frå den britiske Riksrevisjonen
(National Audit Office) viste at kostnaden for skattebetalarane
låg 655 millionar kroner over dei prosjekterte
utgiftene.

Økonomisk sett var NIRS2 ein gigantisk fiasko for den
britiske staten. Dette var eit etablert faktum lenge før
KPMG laga sin OPS-rapport til den norske regjeringa. Likevel
baserer KPMG seg på tala for NIRS2 slik dei såg ut
på papiret i 1995. Som om prosjektet hadde gått heilt
etter planen.

Havaria som forsvann
KPMG hevdar: «OPS-prosjektene synes internasjonalt å
bli ferdigstilt i henhold til plan. Dette bidrar til økt
brukertilfredshet». David Price opplyste i Klassekampen
02.09.04: «Det finst ikkje prov som støttar denne
påstanden. Seinast i februar undersøkte vi all
litteratur frå the National Audit Office, som er den
viktigaste finansielle vaktbikkja til parlamentet, for å
sjå etter systematiske internasjonale undersøkingar av
om OPS blir ferdigstilt på ein vellukka måte. Noko
slikt er ikkje tilgjengeleg».

Men det finst ei lang rekke døme på OPS-havari i
Storbritannia, sjølv om dei er lite synlege i den norske
KPMG-rapporten.

  • ICLs dotterselskap Pathway fekk i mai 1996 oppdraget med
    å utvikla eit magnetstripekort for britiske trygdemottakar og
    tilhøyrande kort-terminalar i postkontora, der trygda for
    det meste blir utbetalt. Kalkulert kontraktsverdi var rundt 12
    milliardar kroner (diskontert) over sju år. Pathway klarte
    ikkje å levera i tide. I mai 1999 vart magnetkortet gjeve
    opp. Dei fyrste forseinkingane kosta Sosialdepartementet 6,4
    milliardar kroner i tapt innsparing. Kanselleringa førte til
    at Posten i Storbritannia, der kortterminalane stod til liten
    nytte, tapte milliardar av kroner.
  • Som nemnt vart NIRS2 kraftig forseinka og 53 millionar pund
    fordyra.
  • Siemens fekk i juli 1997 ein tiårskontrakt verdt 1,5
    milliardar kroner for å utvikla eit system for informasjonen
    frå søknader om britisk pass. Innan 1999 var
    forseinkingane for handsaming av passøknader 25 til 50 dagar
    samanlikna med målet på ti dagar, talet på
    søknader som vart liggjande auka til 565 000 frå 300
    000 året før. Regjeringa vart nøydd til å
    utvida levetida på eksisterande pass med to år, setja
    inn 100 ekstra byråkratar ved passkontora og oppretta eit
    ringjesenter for å ta seg av alle som venta. Total
    ekstrakostnad er estimert til 156 millionar kroner.

• I London-bydelen Tower Hamlets blir ungane no
undervist i skulebygg som har stått halvferdige i over eitt
år, etter at entrepenørselskapet Ballast vart lagt ned
av dei nederlandske eigarane midt i kontraktperioden.

 

Hypotetisk innsparing
KPMG hevdar:
«Vi kan (i utanlandske OPS, red.anm) observere
følgende mønstre:
– Risiko som følger av offentlig myndighetsutøvelse
er plassert hos det offentlige.
– Risiko knyttet til prosjektering, bygging, tekniske
løsninger, drift og vedlikehold er plassert hos den private
part».

Det finst ingen prov som kan støtta denne påstanden,
hevdar David Price. «Risikofordeling» er det mest
sentrale spørsmålet i diskusjonen om OPS. Den britiske
regjeringa vedgår at privat finansiering blir dyrare enn om
staten tek opp lån sjølv. Derfor er det no
fortenestene ved at privat sektor ber ein del av risikoen som skal
skapa innsparinga ved OPS.

Ein artikkel i BMJ (British Medical Journal) frå 2002, om OPS
i britiske sjukehus, viste at offentleg finansiering var det
billegaste alternativet fram til påstått innsparing ved
«risikofordeling» vart sett inn i reknestykka.
«Involveringa av privat finans i å ta risikoen ved
utføringa er avgjerande for fordelane OPS tilbyr»,
skreiv Finansdepartementet i London i juli 2003.

Den nemnte rapporten frå Andersen Consulting hevda at 60
prosent av innsparingane gjennom OPS skriv seg frå
«risikofordeling». Men all denne innsparinga er
hypotetiske kalkylar. Dei seier ingenting om kva som faktisk skjer
med utgiftene når noko går gale. «Mangelen
på finansiell evaluering […] er svært
slåande», konkluderer ein rapport om erfaringane med
OPS, levert til den britiske revisorforeininga, Association of
Chartered Certified Accountants.

Forskarane ved Public Health Policy Unit har gjort sin eigen studie
av risikofordeling i OPS. Den er basert på dei åtte
einaste prosjekta som Riksrevisjonen har gått inn i etter at
dei er komne i drift. Resultatet kom på bordet i august 2004.
Forskarane fann at når noko fyrst går gale, er det
slutt på det vennlege partnerskapet. Risikoen blir pressa
tilbake på offentleg sektor.

  • ICL fekk i 1998 kontrakten på å utvikla
    kommunikasjonssystemet Libra for det britiske rettsvesenet.
    Kostnadene auka frå opphavleg 2,3 milliardar kroner til 3,9
    milliardar. Trass i kontraktbrot frå ICL, førte
    trugsmåla frå selskapet om motsøksmål til
    at staten ikkje ville krevja erstatning. I staden for å la
    det private selskapet faktisk ta sin del av risikoen, laga
    departementet ei løysing som var «langt mindre
    fordelaktig for departementet enn dei eksisterande
    kontraktvilkåra», skriv Riksrevisjonen.
  • IT-skandalen NIRS2 førte til at Andersen Consulting (no
    kalla Accenture) måtte ut med 51 millionar kroner, staten tok
    resten av dei overskridande kostnadene: 604 millionar kroner. Ein
    årsak til dette var at Andersen hadde sikra seg opphavsrett
    på den nye programvaren. Riksrevisjonen meiner kostnaden det
    offentlege ville fått ved å byta til ein annan
    leverandør ville blitt over 540 millionar kroner. I denne
    situasjonen hadde ikkje staten forhandlingsmakt til å
    oppnå ei faktisk deling av risikoen ved
    gigantprosjektet.
  • Channel Tunnel Rail Link, tunnellen til Frankrike, skulle vera
    eit Offentleg privat samarbeid med delt risiko. Men dei store
    økonomiske vanskane enda med at det kom nok offentlege
    pengar på bordet til at «kreditorane skulle bli
    tilbakebetalt» då regjeringa drog fram 123 milliardar
    kroner for at det offentlege skulle kjøpa tilbake det
    privatiserte selskapet Railtrack.
  • Av dei 156 millionar kronene i ekstra kostnad som Siemens’
    fallitt i det nemnte passprosjektet førte med seg,
    måtte Siemens ut med 850 000 kroner i kompensasjon.

• Av den ekstra profitten på 130 millionar
kroner som utbyggjarane av Fazakerley-fengslet oppnådde
gjennom refinansiering, fekk staten 6,1 millionar kroner.

 

«Det er ingenting som tyder på at det finst eit
rimeleg tilhøve mellom profitten dei private selskapa tek ut
gjennom OPS og den faktiske risikoen dei tek på seg»,
kommenterte David Price 02.09.04. Det store spørsmålet
er dermed om desse offentlege pengane faktisk går til det som
parlamentet har vedteke at dei skal gå til – offentlege
tenester.

Då Klassekampen kontakta Dag Strømsnes for å
høyra hans reaksjon på kritikken av feil og manglar i
OPS-rapporten, kom dette svaret på epost: «Vi har
bestemt oss for ikke å uttale oss vedr. dette eller andre
ting vedr. OPS i fortsettelsen. Ta kontakt med KPMG eller
rapportforfatterene i UK som har skrevet underlagsdokumentene.
Vennlig hilsen Dag». På dette tidspunktet hadde Dag
flytta seg til konsuelentselskapet PricewaterhouseCoopers.

 Men før han flytta seg, rakk Dag å
gjenomføra nok eit oppdrag for staten. Han fekk nemleg
jobben med å føra i penna den statlege rettleiinga
om OPS
også. Denne «veilederen» skal vera
grunnlaget for bruken av OPS i kommunar og statlege etatar landet
over. Den blir jobba med hos Moderniseringsdepartementet, som ved
opprettinga i juni 2004 fekk ansvaret for å
gjennomføra OPS-offensiven. Moderniseringsminister Morten
Meyer (H) burde ha solid bakgrunn for eigne meiningar. Han kom i si
tid til regjeringa frå sin jobb som konsulent i KPMG.

På alle sider av bordet
Frå
Storbritannia har vi sett at KPMG på ein imponerande
måte er i stand til å sitja på alle sider av
bordet:

  • Nært involvert i utviklinga av OPS-politikken til
    regjeringa.
  • Rådgjevar ved utplukkinga av
    OPS-kontraktørar.
  • Rådgjevar for private firma som slåss om
    OPS-kontraktar.
  • Revisor og rådgjevar for selskap som får
    OPS-kontraktar.
  • Storaktør i rådgjevingstenester under vegs i
    OPS-prosessen.
  • KPMG kan sjølv levera tilbod på administrative
    funksjonar i eit OPS-prosjekt.

• KPMG lagar rapportar som evaluerer resultata av
OPS.

 

Ein rapport frå Storbritannias største fagforbund,
Unison, om OPS under Tony Blair konkluderer med at «vi
må tilbake til 1700-tallet for å finna eit system som
på dei vesentlege punkta legg så lite akt på
normene for offentleg administrasjon». I Noreg har KPMG i
tillegg altså levert den ansvarlege statsråden.
Etter avsløringane i Klassekampen måtte Morten Meyer
vedgå at det var gått litt for langt. På
spørsmål frå SV om KPMGs rolle i å
utarbeida den statlege «veilederen» om OPS, svarte
Meyer: «Når det gjelder utformingen av veilederen, er
jeg opptatt av at det skal være departementet som ivaretar
denne del av arbeidet. Det skal ikke være tvil om at denne
type dokumenter er et resultat av departementets egne vurderinger.
Jeg ser derfor at det var uheldig at KPMG bisto med skrivearbeid i
denne fasen av prosessen».

KPMG tykkjer nok ikkje det var uheldig å bistå.
Selskapets Ben Guren opplyste til Klassekampen at det ligg god
reklame i å jobba for departementet:

«Folk les rapportane om OPS, dei ringjer departementet, som
seier ‘ring KPMG, som kan dette’. Dette skjer ofte», sa
Guren. Dette var på eit tidspunkt då OPS lå under
Moderniseringsdepartementet. Som lå under Morten Meyer. Som
kom frå KPMG. No er vi kanskje nærare å
forstå den norske entusiasmen for OPS.

E&Y: Konsulentveldet i aksjon
Dei fire
store står sentralt i OPS-offensiven. Kven er dei fire store?
Dei er dei fire store attlevande internasjonale revisjons- og
konsulentselskapa: Ernst&Young, KPMG, PricewaterhouseCoopers og
Deloitte. I Storbritannia er det avslørt ei rad tilfelle av
at same selskap har vore konsulent på offentleg og privat
side i eit OPS-prosjekt, og samtidig involvert som revisor. Kva
skjer i Noreg?

Her har Stortinget set i gang tre store prøveprosjekt under
Vegdirektoratet. Det er snakk om tre vegar i milliardklassen, med
mange bruer og tunnellar. Vegdirektoratet hyra inn Ernst&Young
(E&Y) som rådgjevar for alle tre prosjekta. Dette fordi
E&Y har OPS-kompetanse, frå Storbritannia. Selskapet fekk
vera med å utvikla den norske OPS-modellen og kontraktane.
Deretter var E&Ys konsulentar med på å innstilla
på selskapa som vann milliardkontraktane.

29. april 2004 vart kontrakten på 18 kilometer ny E39 mellom
Lyngdal og Flekkefjord, verdt rundt 1,2 milliardar kroner, tildelt
Allfarveg AS. Allfarveg er oppretta av Veidekke ASA og Sundt AS.
Revisjonsfirmaet til Veidekke ASA heiter Ernst & Young.
Revisjonsfirmaet til Allfarveg AS heiter Ernst & Young. Og
Ernst & Young bidrog også som rådgjevar for
Allfarveg AS under vegs i kontraktsprosessen, opplyste dagleg leiar
for Allfarveg Torgeir Øvstebø til Klassekampen
25.09.04.
E&Y er på alle sider av bordet også i den
største einskilde vegkontrakten i Noreg nokon gong, den 1,5
milliardar kroner store utbygginga sør for Trondheim.
Vinnarfirmaet, Orkdalsvegen AS, valde E&Y som revisor. Og
selskapet har kjøpt konsulenttenester frå E&Y i
samband med dette OPS-prosjektet. «Dette luktar ikkje
godt», kommenterte Jan Borgen frå
antikorrupsjonsorganisasjonen Transparency Norge i
Klassekampen.

I Skottland er E&Y kasta ut som OPS-rådgjevar for
offentleg sektor på grunn av ei tilsvarande dobbeltrolle.
Selskapet var hyra inn som finansiell rådgjevar for kommunen
Fife. Ti flunkande nye skulebygg skulle bli til gjennom OPS. Blant
selskapa som ville slå kloa i kontrakten, verdt omlag 650
millionar kroner, var storentreprenøren Jarvis. Våren
2003 oppdaga kommunestyret at E&Y var revisoren til Jarvis. I
tillegg selde E&Y også andre tenester til selskapet, som
totalt betalte rundt 25 millionar kroner til E&Y i 2002.

«Ernst & Young var i ei dobbeltrolle. Det var ein
openberr interessekonflikt. Vi kasta dei ut utan nøling. Det
er snakk om store summar her, og vi må ha visse
standardar», uttalte kommunestyrerepresentant Andrew D.
Arbuckle frå Liberaldemokratane til Klassekampen.

OPS kan gje innsparing
Mange av britane
føler seg lurt. Dei er mot privatisering, men landet blir
privatisert likevel. «OPS er ein taktikk for å driva
igjennom privatisering sjølv om opinionen er imot. Hadde
regjeringa gått inn for å privatisera helsevesenet i
Storbritannia, hadde det blitt opprør», uttalte Margie
Jaffe, OPS-ekspert i Unison, til Klassekampen 14.08.04.
Meiningsmålingar viser at over 80 prosent av britane er
negative til at private selskap skal driva offentlege tenester for
profitt, opplyste Jaffe. Men med OPS er det akkurat dette som
skjer.

Skattepengar blir skuffa over i storselskapa sine lommer, men ingen
får innsyn i kontraktane. Dei er
«forretningsløyndomar». Mange britar
føler seg rana. Som innbyggjarane på øya Skye.
Dei har i ni år betalt bompengar til OPS-selskapet som bygde
den nye brua over til fastlandet. Dette var det fyrste
OPS-prosjektet i Storbritannia. Og same dag som brua opna, vart
ferietrafikken stogga. Bompengane gjekk opp i over 60 kroner for
å kryssa brua ein veg. Det er henta ut 387 millionar kroner
frå bilistane over ni år. I tillegg har styresmaktene
stått på med subsider og støtte. Den opphavelege
prislappen på brua tilsvarte 293 millionar kroner. No ser ho
ut til å ha kosta samfunnet summar tilsvarande 1,1 milliard
kroner, skreiv George Monbiot i The Guardian 29.12.04. Brua er
betalt over tre gonger. Investorane ler heile vegen til
Bahamas.

Men det finst innsparingar ved OPS. Det skal vi ikkje
underslå. Ikkje minst når dei private selskapa tek over
drifta også, for eksempel ved sjukeheimar eller fengsel, er
det pengar å spara, har det vist seg. Den radikale tankesmia
Catalyst har gjort ein analyse av korleis OPS påverkar
lønns- og arbeidsvilkår.

  • I 2002 og 2003 tente fengselsvaktene i privatkontrakterte
    fengsel 16 077 pund i året. I dei offentleg eigde fengsla
    låg lønna 43 prosent høgare: 23 017 pund.
  • Dei privat tilsette hadde to timar lengre arbeidsveke enn dei
    offentlege.
  • Dei private hadde 20-23 fridagar i året, mot 25-33 i det
    offentlege.

• Pensjonsordningane var langt dårlegare for dei
tilsette i OPS-fengsla.

 

Her ser vi kanskje ein annan viktig grunn til den veksande
entusiasmen i visse sirklar for OPS – «et originalt samarbeid
mellom offentlig og privat sektor».

Bla i arkiv

Forfatter: <a href="https://velferdsstaten.no/author/for-velferdsstaten/" target="_self">For Velferdsstaten</a>

Forfatter: For Velferdsstaten

Alliansen For velferdsstaten kjemper for å opprettholde og videreutvikle de velferdsgoder og rettigheter som er vunnet gjennom lang tids faglig og politisk kamp her i landet. Vi avviser undergraving, kommersialisering og markedsorientering av våre velferdsordninger.