Kvifor slikt hastverk, Tønne?

av | mar 1, 2001 | Helse og omsorg

Helseminister Tønne sine reformforslag når det
gjeld statleg overtaking av sjukehusa vert køyrd fram med
rekordfart. Høyringsfristen er ute, det er kort tid til 6.
april når odelstinsgproposisjonen vert lagt fram, så
kort at ein treng ikkje vere svært paranoid for å
mistenkje Tønne for ikkje å ha tid til å ta
høyringsuttalene på alvor slik at dei kan føre
til reelle endringar.

Mange av oss trudde at reformen galdt ein diskusjon om det var
staten eller fylkeskommunane som skulle drive sjukehusa. Men vi
fekk eit forslag der det berre skal vere eit overordna offentleg
eigarskap av tenestene, medan tenesteproduksjonen, organiseringa og
dei tilsette sine rettar og plikter i stor grad er fristilt. I
tillegg vert mange av dei viktige avgjerdslene tatt bort frå
politisk kontroll, og gitt over til administrativt oppretta
«foretaksstyrer». Eit anna element er at det einskilde sjukehuset i
samarbeid med private verksemder skal kunne opprette aksjeselskap,
og med det privatisere deler av tenesteproduksjonen.

Høyringsnotatet Tønne la fram, ga lite svar
på viktige område som pasientrettar, brukarmedverknad,
og politisk medverknad på helsepolitikken. De fleste
tilhøve som omhandlar dei tilsette sine rettar og plikter,
er det heller ikkje sagt noko særleg om. Ein har heller ikkje
funne det for godt å ta med seg dei vurderingane som er gjort
i tidlegare utgreiingar, som til dømes
Oppgavefordelingsutvalget. Internasjonale røynsler frå
New Zealand og England, som begge har prøvd denne
organiseringa, men med lite hell, er heller ikkje omtalt i
høyringsnotatet.

Tønne si grunngjeving for å køyre denne
prosessen i hurtigtogsfart er at endringane må skje raskt,
dersom ikkje misser ein intensjonen i reformen i sjølve
prosessen. Det ser ikkje ut som om Tønne har fått med
seg følgjande kunnskap:

Reformer som ikkje:

  • inneheld ei tydeleg analyse for behovet for reformen,
  • tek vare på behova til dei som reformen er meint å
    betre tenestetilbodet til,
  • syt for at dei som faktisk skal produsere tenestene ser
    formålet med reformen, og
  • at dei er sikre på at omstillinga skjer innanfor trygge
    og stabile rammer
    – vil verte mislukka.

Kvifor hoppar Tønne bukk over dette viktige grunnarbeidet
i reformen? Grunnane kan vere mange, ein av dei kan vere det som
skjer ein heilt annan stad enn på sjukehusa, nemleg det
internasjonale arbeidet regjeringa er innvolvert i gjennom WTO.

I det neste WTO-møtet vil det bli nye runder rundt GATS (
General Agreement on Trade in Services), ein avtale som har til
formål å liberalisere og marknadstilpasse all privat og
offentleg tenesteproduksjon. Dette er ein avtale Noreg har slutta
seg til – internasjonalt står difor Noreg for ei line der det
aller meste av tenesteproduksjon skal vere utsett for
marknadskreftene sin frie flyt. Det heiter vidare i avtalen at
medlemslanda har forplikta seg til å arbeide for at stadig
nye områder vert gjort tilgjengelege for konkurranse i ein
internasjonal marknad, og i eit langsiktig perspektiv er det
få eller ingen avgrensningar på tenester som dette skal
gjelde for.

Til WTO-møtet i mars har USA varsla forslag om å
innføre full marknadstilpassing innanfor høgare
utdanning, vaksenopplæring og vidareutdanning. Konsekvensen
av USA sitt forslag er at dersom ein privat tilbyder frå til
dømes Italia legg inn bod på høgare utdanning
som er billigare enn Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet
sitt, og Noreg har slutta seg til dette punktet i GATS-avtalen,
så skal det private firmaet ha kontrakten.

Det er også venta at USA på neste WTO-møte
vil fremme forslag når det gjeld helsesektoren i tråd
med forslaget om høgare utdanning.

FO har, gjennom LO, gitt uttrykk for ei sterk bekymring
når det gjeld den vidare utviklinga av GATS-avtalen i WTO. Vi
har bedt regjeringa om å ta avstand frå USA sine
forslag om marknadstilpassing av høgare utdanning, og om
å avvise forslag om marknadstilpassing av helsesektoren.

Foretaksmodellen til helseminister Tønne passar som hand
i hanske til WTO sitt arbeid med GATS. Berre enkle grep skal til
for å tilpasse dei nye helseforetaka og dotterforetaka i ein
reell marknadskonkurranse. Dette kan difor verte sett på som
ei førebuing til ytterlegare marknadstilpassing av den
norske offentlege tenesteproduksjonen, sjølv om Noreg
så langt ikkje har vore mellom dei aktive i WTO for å
innarbeide marknadstilpassing av helsetenestene.

FO har, saman med dei fleste fagorganisasjonar innanfor
helsevesenet, med unntak av legeforeininga, gått mot
foretaksmodellen, dette gjorde også eit samla LO sekretariat
i sin høyringsuttale.

Aksjon for velferdsstaten (FV) har varsla aksjonar dersom
foretaksmodellen er ein del av det forslaget Tønne legg fram
i odelstingsproposisjonen. Han har forsikra at reformen ikkje skal
føre til marknadstilpassing og konkurranse om helsetenester.
Dette vil vi sjå i praksis gjennom at det vert laga ein
modell som sikrar dette. Fagre løfter er ikkje til hjelp
dersom systemet er tilpassa kjøp og sal og privatisering av
helsetenester.

Så helseminister Tønne, sett deg ned saman med dei
andre i regjeringa, lag eit forslag til organisering av sjukehusa
som sikrar offentleg eigarskap, styring og kontroll. Vi vil ha ei
organisering som er tilpassa den norske virkeligheita, ikkje den
internasjonale storkapitalen sine ønsker om å kome inn
på den norske helsemarknaden. Brukarane skal sikrast gode
tenester og dei tilsette gode arbeidsplassar. Dette kan best
sikrast ved sterk offentleg styring.

Bla i arkiv

Forfatter: <a href="https://www.velferdsstaten.no/author/for-velferdsstaten/" target="_self">For Velferdsstaten</a>

Forfatter: For Velferdsstaten

Alliansen For velferdsstaten kjemper for å opprettholde og videreutvikle de velferdsgoder og rettigheter som er vunnet gjennom lang tids faglig og politisk kamp her i landet. Vi avviser undergraving, kommersialisering og markedsorientering av våre velferdsordninger.