Utdanningstenester på utsal?

«Dei private skulane driv ikkje verksemda si ut
ifrå eit samfunnsmandat, men for å tene
pengar.»

Private skular har lange tradisjonar i mange land. Det
prinsipielt nye dei seinare åra er etablering av private
skular som forretningsforetak. Utdanningstenester er eit
område som i aukande grad blir oppfatta som økonomisk
interessant for kjøp og sal, også på tvers av
landegrenser. Med grunnlag i GATS-avtalen (General Agreement on
Trade in Services) omfattar arbeidet i Verdens handelsorganisasjon
(WTO) no både varer og tenester. Blant utdanningstenestene
har det helst vore høgre utdanning som har hatt interesse i
privatiserings- og handelssamanheng.

Men utviklinga av private grunnskular og vidaregåande
skular har og skote fart i fleire land. Utviklinga har vore markert
til dømes i Sverige, der fem prosent av grunnskuleelevane no
går i private skular. I Stockholm og andre storbyar er talet
ti prosent, og det er aukande. I Dagens Nyheter kunne vi nyleg lese
at Moderaterna har gjort framlegg om å la lærarar danne
forretningsforetak som kan selje sin kompetanse. Etter dette kan
kanskje til dømes Matematikk for 9. klasse AS bli ein
realitet om kort tid. Beatrice Ask, noverande riksdagsrepresentant
og tidlegare skuleminister, meiner at framlegget både kan gje
betre undervisning og gje lærarar høgre
lønn.

For ikkje lenge sidan fekk England sine to første
kommersielt drivne private skular. På New Zealand går
privatiseringa føre seg på ein måte som har
gjort «fund-raising» – å skaffe pengar til skulen – til ei
viktig foreldreoppgåve. Også i vårt land finst
det no skular som blir drivne på forretningsmessig basis, og
liberalisering av reglane for oppretting av private skular er eit
aktuelt tema i fleire politiske parti.

USA er truleg det landet der både privatiseringa og
utviklinga av kommersielt drivne skular har komme lengst.
Privatiseringa har teke fleire former. For det eine finst
såkalla voucherprogram. Foreldra får ein sjekk som dei
kan bruke til å kjøpe skulegang for barna sine der dei
ønskjer det, i ein offentleg eller privat skule.
Vouchersystemet er ikkje ulikt det som her i landet gjerne blir
referert til som stykkprisfinansiering. Det første
voucherprogrammet vart starta i Wisconsin i 1991. Sidan er det
utvida i fleire statar, og inneverande skuleår reknar ein med
at det er vel 63000 elevar med vouchers i skulen. Men systemet er
heller ikkje ukontroversielt i USA. Mellom anna har det til no vore
stor motstand, blant politikarar og folk flest, mot forsøk
på å få vedteke lovar som kan gjere
voucherprogrammet til ei generell, nasjonal ordning.

Charterskulane er offentleg finansierte og har heimel i
delstatslovgjevinga. Ordninga inneber at personar eller
organisasjonar får løyve («charter») av
skulestyresmaktene til å drive ein skule.
Skuleoperatøren har ansvar for skulelokale, pedagogisk
program og lærarstab. Tilskotet til operatøren
tilsvarar til vanleg gjennomsnittskostnadene per elev i det
offentlege skuleverket. Charterskulane skal i prinsippet akseptere
dei elevane som melder seg, men det er liten kontroll med
praktiseringa av regelverket. Det er rekna med at det i år
finst om lag 1700 charterskular i alt, og der er vedteke lovgjeving
om skulane i nærmare tre firedelar av statane.

Dei fleste charterskulane blir drivne på sida av det
offentlege skuleverket og uavhengig av det lov- og regelverket som
gjeld skuleverket elles. Det er lite tilsyn eller oppfølging
frå styresmaktene. Lærarane blir tilsette av skulen og
er ikkje omfatta av dei vanlege lønnsavtalane for
lærarar. Lærarkollegia ved charterskulane kan likevel
inngå eigne kollektive lønnsavtalar med
arbeidsgjevaren, dersom begge partar ønskjer det.

Education Management Organisations (EMO) er ei anna nyskaping
på utdanningsområdet. Det er selskap som tek på
seg å drive skular etter vanlege forretningsmessige prinsipp.
Somme EMOar har sjølv charter for å drive skular og
tek da på seg heile ansvaret for skuleverksemda. Andre
selskap tilbyr enkelte tenester, til dømes vedlikehald og
drift av bygningane. EMOane får godtgjersle per elev for dei
tenestene dei yter, og kan dermed tene pengar i den grad dei greier
å produsere billege tenester. Eit av dei mest kjente
selskapa, Edison Schools, driv både offentlege skular etter
kontrakt med skulestyresmaktene og charterskular.

Informasjon mellom anna i det amerikanske tidsskriftet
Educational Leadership og i materiale samla av den amerikanske
lærarorganisasjonen NEA, kan tyde på at privatiseringa
skaper ein del problem. Somme voucherprogram har vore innretta mot
låginntektsfamiliar, for å gje dei høve til
å velje skule for barna sine. I praksis har det vist seg
å vere stor risiko for at desse elevane får
dårleg undervisning i fristilte skular utan ansvar overfor
skulestyresmaktene. Svært få private skular vil ta imot
elevar med lærevanskar eller funksjonshemmingar, fordi det
kostar så mykje å gje desse elevane tilfredsstillande
undervisning at fortenesta blir for lita. Ofte kan det sjå ut
til at dei kommersielt drivne skulane prioriterer forteneste
framfor kvalitet. Det finst ein god del døme på at
skular tilset dårleg kvalifisert personale, eller at dei
underviser i fleire skift dagleg, for å få plass til
fleire elevar og dermed tene meir.

Men det finst rg døme på gode charterskular, i
tilfelle der skulane held til i relativt homogene, øvre
middelklassemiljø og gjev tilbod til ei utvald elevgruppe,
med sterke og aktive foreldre. Det finst også charterskular
som blir drivne på non-profitbasis, til vanleg opne for alle
elevar og direkte ansvarlege overfor skulestyresmaktene i det
distriktet der dei ligg. Det ser likevel ut til å vere
vanskeleg å finne døme på slike skular som kan
gje tilfredsstillande opplæring til fleirtalet av elevar
eller elevar med noko meir variert bakgrunn.

Det svenske framlegget om å la lærarane selje
kompetansen sin, kan truleg realiserast på ulike måtar,
når det gjeld opplæring i skulefaga. Det krev
sjølvsagt at foreldra engasjerer seg maksimalt i barnas
skulegang. Dermed må ein rekne med at ordninga vil vere
mindre heldig for barn av foreldre som ikkje har høve til
eller greier å engasjere seg mykje i skulen. Men skulen har
rg andre viktige oppgåver enn opplæring i faga. Det
gjeld sosialisering, demokratiutvikling, haldningsskapande arbeid.
Det er vanskeleg å sjå korleis desse oppgåvene
kan gjerast om til tenester som skal formidlast ved kjøp og
sal.

Demokratiopplæringa kan vere eit særleg vanskeleg
område. Den amerikanske skuleforskaren Henry Giroux har
intervjua elevar som hevdar at demokrati er fridom til å
kjøpe og forbruke kva ein vil utan at styresmaktene blandar
seg inn. Giroux meiner at marknadsorienteringa har teke plassen til
samfunnsorienteringa. Dei private skulane driv ikkje verksemda si
ut frå eit samfunnsmandat, men for å tene pengar.
Elevane blir ikkje oppfatta som lærande unge menneske som
skal ha ei allsidig, allmenn opplæring, dei blir oppfatta som
kundar som skal ha dei tenestene dei etterspør. Under slike
vilkår kan dei overordna og fagovergripande oppgåvene
skulen har, lett bli sett til sides.

Dette er noko av bakgrunnen for at Norsk Lærerlag
ønskjer å halde fast ved den offentlege fellesskulen
som kan omfatte alle barn og unge. Slik vi ser det, er det inga god
løysing å opprette fleire private skular eller
stykkprisfinansiere undervisningstilbodet. Utfordringa no er
å styrkje kapasiteten i fellesskulen til å ta betre
vare på heile mangfaldet i elevflokken. Her er det framleis
mykje å gå på.

Bla i arkiv

Forfatter: <a href="https://velferdsstaten.no/author/for-velferdsstaten/" target="_self">For Velferdsstaten</a>

Forfatter: For Velferdsstaten

Alliansen For velferdsstaten kjemper for å opprettholde og videreutvikle de velferdsgoder og rettigheter som er vunnet gjennom lang tids faglig og politisk kamp her i landet. Vi avviser undergraving, kommersialisering og markedsorientering av våre velferdsordninger.