Nytt millennium – nytt arbeidsliv?

av | jun 1, 2000 | Arbeidsliv

Arbeidslivsutvalet, som regjeringa Bondevik oppnemnde, har
drøfta reguleringssystema i arbeidslivet – i første
rekkje arbeidsmiljølova. Utvalet tek utgangspunkt i
endringane i arbeids- og samfunnslivet – som ny teknologi, aukande
internasjonalisering og skjerpa konkurranse. Rapporten frå
utvalet slår fast at desse utviklingstrekka «har
ført til diskusjoner om behovet for mer fleksible
måter å organisere arbeidet på. Hovedutfordringen
består i å utvikle former for fleksibilitet som
ivaretar hensynet både til virksomhetens og arbeidstakerens
behov.»

Utvalet problematiserer ikkje behovet for auka
fleksibilitet, men meiner at auka fleksibilitet er både
ønskeleg og nødvendig. Det som blir lagt til grunn
for denne tolkinga, er langt frå ideologisk nøytralt:
Politisk styring av økonomien er passé fordi
økonomien er fråkopla nasjonalstatleg styring.
Årsaka er at den nye teknologien gjer det mogeleg raskt
å flytte kapital og produksjon dit innteninga er best. Den
marknadsliberalistiske trenden i internasjonal økonomi vil
difor halde fram.

Norsk Lærarlag avviser ikkje at teknologiske framsteg har
gjort det vanskelegare å avgrense den økonomiske og
samfunnsmessige planlegginga til nasjonalstaten. Men vi
ønskjer å problematisere oppfatninga av at vi er utan
politisk handlingsrom. Vi ønskjer ei politisk styring av
økonomien som først og fremst legg til rette for jamn
velstandsutvikling og tek vare på både enkeltindividet
og samfunnet sine interesser sosialt, kulturelt og
økologisk.

Svak grunngiving

Når det gjeld interessene til enkeltindivida og
arbeidstakarane ved auka fleksibilisering, er vurderingane
frå Arbeidslivsutvalet endå svakare funderte enn
på bedrifts- og samfunnsnivået. I grunn-givinga si
viser ein m.a. til at stadig fleire får høgare
utdanning – noko som fører til meir individual-isering og
mindre lojalitet overfor arbeidsgivar. Utvalet meiner at stadig
fleire vil skifte arbeid i jakt på nye utfordringar og betre
vilkår. Mangfaldet i livsstil hos moderne menneske vil kunne
føre til ulike ønske og behov i arbeidslivet.

Ei generell innvending til denne framstillinga er det
problematiske ved å skilje genuine ønske og behov
frå meir kulturskapte og utanfråstyrte behov. Ta til
dømes kravet om døgnopne butikkar – kan ikkje det
vere eit marknadsskapt behov, eit behov forbrukarane ikkje
hadde før næringslivet skapte det? Og når
så mange individ – m.a. innanfor kunnskapsbedrifter –
står så hardt på, er det fordi det blir venta av
dei, eller er det fordi dei har ein lidenskap for arbeidet?
Trendane som blir skildra, er utan tvil til stades i samfunnet, men
kor representative er dei?

Pulverisering av ansvar

Etter Arbeidslivsutvalet sitt syn fører auka bruk av
outsourcing, underleverandørar og innleigd arbeidskraft til
at det blir uklart kven som er den reelle arbeidsgivaren og har
ansvar etter arbeids-miljølova. Auka bruk av heimekontor og
flatare organisasjonsstrukturar fører på si side til
at arbeidstakarar får større råderett over delar
av arbeidsmiljøet sitt. På denne bakgrunnen kjem dei
m.a. med framlegg om drøfte om større delar av
ansvaret for arbeidsmiljøet bør leggjast til den
enkelte arbeidstakaren.

Etter Norsk Lærarlags syn inneber dette ein risiko for
pulverisering av ansvar. Det vil framleis vere
arbeidskjøparen som sit med styringsretten og den
økonomiske avkastinga – noko som bør innebere klare
forpliktingar overfor dei tilsette.

Arbeidsmiljølova ser såleis ut til å kunne
bli ei minimumslov. Det kan rettast fleire kritiske
inn-vendingar mot ei slik utvikling. Norsk Lærarlag ser ikkje
behov for større oppmjuking av arbeida-rvernet. Norsk
arbeidsliv er alt fleksibelt i internasjonal målestokk. Det
er t.d. høve til å inngå avtalar om avvikande.
Å redusere arbeidsmiljølova til medisinske
minstestandardar, vil vere eit radikalt brot med tradisjonen i
norsk arbeidarvernlovgiving. Vi meiner såleis at
forsøket på å skilje liv og helse frå
velferd og sosiale behov, er lite gjennomtenkt. Statleg garanterte
minstestandardar supplerte med private tillegg, vil etter
vårt syn også føre til auka sosiale skilnader.
Reglane i arbeidsmiljølova om arbeidstid er og skal vere ein
viktig buffer mot utnytting av arbeidstakarane.

Fleirtalet i utvalet går inn for å vurdere ei
liberalisering av det stillingsvernet vi har i dag. Dette blir
grunngitt med at aukande internasjonal konkurranse gjer at
færre og færre verksemder vil kunne garantere dei
tilsette varig tilsetjing. Tryggleik for arbeid og inntekt har vore
ein hovudintensjon i stillingsvernet.

Utvalet legg dei frie marknadskreftene til grunn for
argumentasjonen sin. Ein slik føresetnad aksepterer korkje
Norsk Lærarlag eller andre organisasjonar som ønskjer
eit trygt arbeidsliv og eit godt arbeidarvern.

Bla i arkiv

Forfatter: <a href="https://www.velferdsstaten.no/author/for-velferdsstaten/" target="_self">For Velferdsstaten</a>

Forfatter: For Velferdsstaten

Alliansen For velferdsstaten kjemper for å opprettholde og videreutvikle de velferdsgoder og rettigheter som er vunnet gjennom lang tids faglig og politisk kamp her i landet. Vi avviser undergraving, kommersialisering og markedsorientering av våre velferdsordninger.