Skatteløftet må leggast til sides

av | jan 30, 2013 | Fordeling

Ein moderat skatteauke må til for å satse meir på å løyse offentlege oppgåver som står i kø. Skal vi sikre betre helsetenester, eldreomsorg, gi betre kvalitet i utdanning, satse meir på kunnskap og forsking og legge større vekt på førebygging og tryggleik, må dette prioriterast framfor andre tiltak. Regjeringa sitt skatteløfte hindrar no ei betre innretting av den økonomiske politikken.

Regjeringa bør difor oppheve sitt sjølvpålagde «skatteløfte», eit løfte om å halde skatten på dagens nivå, målt som andel av verdiskapinga i fastlandsøkonomien. Det bør opnast for ei moderat opptrapping av skattenivået. Dette trengst for å sikre kvaliteten i offentlege tenester, og for å skape ein betre balanse mellom offentleg og privat konsum.  I dag ser vi glitrande finansbygg og nedslitne skulebygg vegg i vegg.  Er det slik samfunnet skal prioritere?

I tillegg må regjeringa sette ned ein «Grøn skattekommisjon» – for å finne dei beste incentiva for ny miljø- og klimavennleg produksjon, sysselsetting og handlemåte, og samstundes auke skatten på forureining og skadeleg forbruk. Større vekt på grøne skattar kan t.d. innrettast slik at det gir noko større skatteinngang, og det kan vekslast inn i lågare skatt på arbeid.  Det viktigaste er å endre forbruksmønsteret, ikkje nødvendigvis å auke skatteinngangen.

Prognosar – forventningar
Dei fleste framtidsprognosar er usikre. Men det er rimeleg sikkert at andelen eldre vil blir relativt større i åra som kjem. Det er også temmeleg sikkert at forventningane både til omfang og kvalitet i velferdstenestene vil stige. Dermed vil presset på innsatsen innan helse, omsorg og pleie vekse. Dette vil koste meir enn i dag.

Alternativet til skatteauke er auke i brukarbetaling eller ei omfattande privatisering, der den einskilde i større grad må kjøpe tenester i ein privat marknad. Dette skaper uakseptable skilnader i velferdstilbodet.

Kvaliteten må opp no
Mange som arbeider i helse- og omsorgssektoren, i barnehage, undervisning eller i andre offentlege tenester opplever dagleg konsekvensar av tronge budsjett: Hardt arbeidspress, tøffe prioriteringar og dårleg samvit fordi dei ikkje kan levere den nødvendige kvaliteten i det daglege.  Vi har ein rik stat, men tenesteøkonomien er hardt pressa.  Det er tverrpolitisk semje om å halde igjen på oljepengebruken. Også av den grunn bør dei raudgrøne sleppe litt opp, og opne for betre velferdsfinansiering gjennom ein forsiktig skatteauke.  Å binde seg til masta, som i dag, inneber både å låse debatten og å hindre nødvendig kvalitetsforbetring i offentlege tenester.

Alt no ser vi at valkampen utløyser lovnader om nye satsingar på fleire område. Meir vil kome – frå begge sider i politikken.  Men korleis nye tiltak skal finansierast, er ofte meir uklart.

Skatt – kort og lang sikt
Ei rekkje skattegrep kan og må takast – somme på kort sikt, andre på lengre sikt.  Investeringar i næringsbygg er særleg gunstig i periodar med stigande prisar. Desse drar ekstra nytte av samfunnet sine investeringar i infrastruktur. Unio foreslår difor at det blir innført eigne og lågare avskrivingar for næringsbygg i sentrale strøk. Vidare bør grunnrenteskattane på olje, gass og vasskraft aukast. Småkraftverk bør rett nok vurderast særskilt. Tiltak på desse områda må også vurderast i eit klimaperspektiv.

Dessutan har Unio tidlegare, som internasjonal fagrørsle, gått inn for ein transaksjonsskatt for aksjar m.v., den såkalla Tobinskatten.

Skattenivået må vurderast ut frå korleis ein vil at forholdet mellom offentleg og privat konsum skal vere. Skal vi vidareføre og utvikle den norske velferdsmodellen med skattefinansierte offentleg tenester utført av offentleg tilsette med høg kompetanse, tyder det meste på at skattenivået må opp. Kvaliteten må vere så god at folk ser at spleiselaget er best for folk flest.  Skatteauke er ikkje eit mål, men eit verkemiddel.

Også andre verkemiddel vil trengast. Fornying og effektivitet er mellom desse – ressursane må brukast i møte med folk, ikkje til unødig rapportering og kontroll.

Vi skal framleis ha breitt innretta skattar med ein sosial profil og som stimulerer til å skape verksemder og arbeidsplassar i privat sektor.

Ny grøn skattekommisjon
Det er 17 år sidan «Grøn skattekommisjon» la fram innstillinga om «grønne skatter – en politikk for bedre miljø og høy sysselsetting»(NOU 1996:9). Innstillinga er berre delvis følgd opp. Sjølv om Norge alt no har eit visst omfang av grøne skattar, meiner Unio at tida absolutt er inne til ein ny gjennomgang og forsterka innsats. Både fagrørsla og miljørørsla må vere representert i ein ny kommisjon. Målet må vere å få fram forslag som er radikale og kraftige nok til å redusere klimautsleppa og å drive fram ein grønare og meir berekraftig økonomi.

Norske næringar har gode føresetnader for å handtere tøffe miljøkrav. Vi har kapital, naturressursar, eit omstillingsdyktig arbeidsliv og arbeidstakarar med høg kompetanse. Vi kan og må satse tyngre på forsking. Noreg kan bli ein leiande internasjonal aktør i ein grønare økonomi. Grøn kunnskap må i front.

Bla i arkiv

Forfatter: <a href="https://velferdsstaten.no/author/for-velferdsstaten/" target="_self">For Velferdsstaten</a>

Forfatter: For Velferdsstaten

Alliansen For velferdsstaten kjemper for å opprettholde og videreutvikle de velferdsgoder og rettigheter som er vunnet gjennom lang tids faglig og politisk kamp her i landet. Vi avviser undergraving, kommersialisering og markedsorientering av våre velferdsordninger.