OPS: Eit originalt samarbeid

Artikkel skrevet av Magnus E. Marsdal, leder av Attac, styremedlem i Stiftelsen Manifest og journalist i Klassekampen. Publisert i For velferdsstatens skriftserie april 2005.

Departementet lot marknadsaktøren KPMG skriva ein «veileder» om offentleg-privat samarbeid (OPS) for heile offentleg sektor. Ein annan original vri er at KPMG leverte Høgres statsråd med ansvar for området.

Høgres sosialminister Ingjerd Schou strålte då ho la ned grunnsteinen for Bråset bu- og omsorgssenter i Røyken hausten 2003. «Asker og Røyken har klart å sprenge grenser mange andre ville funnet uoverstigelige», uttalte statråden, som hylla dei to Høgre-styrte kommunane for å ha «funnet et originalt samarbeid mellom offentlig og privat sektor».

Det originale samarbeidet skulle gå ut på at Selvaag Senior AS står for investering, bygging og eigarskap, medan dei to kommunane blir ståande som leigetakarar av den nye sjukeheimen i 20 år framover. Eit skuleeksempel på offentleg-privat samarbeid (OPS).

Bygginga var godt i gang. Det nærma seg innflytting. Selvaag hadde 20 år med sikre og gode inntekter innan rekkevidde. Men så skjedde noko uventa. Ein eller annan i administrasjonen i Asker, eller var det Røyken, hadde fått det for seg å rekna på kostnadene. Ingen hadde laga ei oppstilling av kva kostnadene ville bli ved enden av OPS-perioden, samanlikna med normal kommune-drift. Byråkratane trykte i veg og kalkulatorane leverte varen: I 2024 ville OPS-alternativet vore 115 millionar kroner dyrare enn om kommunane tok over sjukeheimen frå september 2004.

115 millionar er eit stort tal for fattige kommunar. Og det var eigentleg enno større: Selvaag måtte ha 13 millionar i kompensasjon. Og kommunane måtte ta over lånet selskapet hadde tatt opp for å finansiere utbygginga. Eit privat lån er alltid dyrare enn offentleg sektor-lån. Det er fordi risikoen for at banken taper lånesummen er lik null når det offentlege står ansvarleg, staten og kommunane går ikkje konkurs. Med berre 0,5 prosentpoeng betre rentevilkår enn Selvaag, ville finansieringskostnadene for dei to kommunane over 50 år gått ned med 33,6 millionar kroner. Hausten 2004 var det for seint å gjera noko med dette. Likvel ville Asker og Røyken få sjukeheimen 115 millionar kroner billegare anno 2024 ved å skrinleggja OPS-kontrakten.

Og det gjorde dei. Det finst grenser for kor uoverstigelege grenser sjølv Høgre-styrte kommunar har lyst til å sprengja.

Britisk OPS-fadese
«OPS er berre er ein ny måte å privatisera på. Det er eit tiltak for at private kapitalinteresser skal få mjølka dei offentlege budsjetta», uttalte forbundsleiar Jan Davidsen i Fagforbundet til Klassekampen 17.08.04. «Vi synes, for en gangs skyld, at Davidsen har et poeng», responderte Trygve Hegnar på leiarplass i Finansavisen dagen etter.

Hegnars poeng var dette med at offentleg sektor får billegare lån enn private selskap: «Renten kan faktisk være både ett og to prosentpoeng høyere for private investorer som må finansiere seg i markedet, og følgelig må finansieringskostnadene bli veldig mye større». OPS er ikkje berre dyrare, men ofte dårlegare også. Det hevdar kritikarane av OPS i Storbritannia, som er landet der systemet er utvikla lengst, sidan høgresida introduserte det i 1992 og Tony Blair fekk fart på sakene frå 1997. Fleire OPS-sjukehus har utvikla seg til skandalar. Dei private utbyggarane tek alle moglege snarvegar for å halda kostnadene nede og profitten oppe, hevdar kritikarane.

  • Ved sjukehuset Royal Calderdale i Halifax er det rapportert om strømbrot og skadedyr i veggane.

• Ved Norfolk and Norwich oppdaga ein sjukepleiar at to isolasjonsrom var defekte, med fare for å pumpa døydelege bakteriar ut i sjukehuskorridorane. Isolasjonsromma, meint for pasientar med sjukdommar som tuberkolose og Sars, vart ståande inoperative i nesten tre år.

 

OPS blir også kritisert for å vera eit system som skuffar offentlege pengar over i private lommer som profitt. Ein populær metode blant britiske OPS-selskap er å refinansiera låna sine straks utbygginga er ferdig. Då har risikoen i prosjektet gått kraftig ned, og renta på lånet kan gå same vegen. Samtidig blir den årlege betalinga frå statskassa ofte verande på same nivå som i OPS-kontrakten, basert på det gamle og dyrare lånet. Selskapa som fekk kontrakten på å byggja det britiske Fazakerley-fengslet i desember 1995 gjennomførte ei slik refinansiering.

Den britiske riksrevisjonen har avslørt at Group 4/Carillion på denne måten auka profitten på prosjektet frå førespegla 13 prosent til 39 prosent. I reine pengar var den ekstra profitten over 130 millionar kroner. Heile utbygginga var tilbakebetalt i løpet av dei to fyrste åra av kontrakten, dei 23 siste er rein profitt for det private selskapet.

I juli 2004 rapporterte The Observer at eit knippe finans- og byggeselskap i London har hausta over to milliardar kroner (170 millionar pund) i ekstraordinær profitt frå bygginga av fire OPS-sjukehus.

«OPS er den store offentlege skandalen i vår tid, og dei avslørte refinansieringane av desse avtalene er til spott og spe for ein kvar som trur at dei representerer meir for pengane for skattebetalaren», uttalte Michael Meacher, tidlegare miljøstatsråd for Tony Blair, i The Observer 4. juli 2004. På landsmøtet til Labour-partiet i 2002 vann opposisjonen mot OPS fram. 67 prosent av delegatane trossa partileiinga, og røysta for at OPS må leggjast på is. Tony Blair har overhøyrt partiet.

Trass i mange graverande historier om det britiske OPS-eksperimentet, er det stor entusiasme for OPS i visse krinsar her i Noreg. I Sem-erklæringa til regjeringa Bondevik II, står det at regjeringa vil «legge til rette for økt offentlig og privat samarbeid, OPS», samt at «det forutsettes en utvidet bruk av OPS-ordninger for prioriterte tiltak» innan Vegvesenet, Jernbaneverket og kystverket.

Kor tek dei entusiasmen frå? Ein telefon til Storbritannia førte meg nærare svaret.

London calling
Det finst eit Mekka for privatisering, og det heiter London. Her har KPMG, Ernst & Young, PricewaterhouseCoopers og over 100 andre selskap innanfor finans, revisjon og rådgjeving bygd opp sitt private eksportråd for OPS: PPP Export Group. PPP står for Public Private Partnership, som er det britiske namnet for OPS.

«Dei siste to åra har det tatt av. Vi har sett ein enorme auke i interessa for OPS. Eg har direkte kontakt med 40 regjeringar som vil ha offentleg-privat samarbeid, og eg veit om 40 andre land som snusar på det», fortalde Stephen Harris til Klassekampen 26.08.04. Han er internasjonal sjef i International Financial Services, London (IFSL). IFSL er interesseorganisasjonen til 120 private selskap, mange av dei finansieringsbankar eller rådgjevingsselskap av typen KPMG. Det er IFSL som har etablert PPP Export Group.

«Vårt mål er å utvida den globale marknaden for OPS mest mogleg. Vi tenkjer ikkje så mykje på om dei britiske selskapa som eig oss får ein større del av kaka, berre på at kaka skal bli mykje større», opplyste den oppglødde entusiasten Harris over telefon.

Regjeringsbyråkratar og direktørar frå heile verda valfartar til London og IFSL for å læra om privatiseringsmirakelet OPS. Sidan regjeringa Major fekk det fyrste programmet i gang tidleg på 1990-talet, har kontraktar verdt over 690 milliardar kroner gått til private selskap gjennom OPS. Mange av selskapa gjer enorme profittar. Og rådgjevarane får lukrative oppdrag. Derfor er leiaren for PPP Export Group ikkje uventa Timothy Stone frå KPMG.

Fordi Storbritannia er i forkant, er 99 prosent av OPS-ekspertisen i verda konsentrert i London, meiner Harris. IFSL går i bresjen for å eksportera denne ekspertisen. Hos IFSL får regjeringsdelegasjonane undervisning og råd gratis. Britane har også vore aktive i etableringa av eigne avdelingar for eksport av OPS til fattige land både under FNs utviklingsprogram (UNDP) og Verdsbanken.

Minst ein norsk delegasjon har vore på OPS-kurs hos IFSL i London. Ein delegasjon frå Helsedepartementet og dei regionale helseforetaka var der tidleg i 2003.

Dei fyrste tre statlege OPS-prosjekta i Noreg er vegbygging, noko berre SV på Stortinget røysta mot i Nasjonal transportplan. Vegsatsinga er heilt i tråd med taktikken som International Financial Services, London vil tilrå, fortalde Stephen Harris: «I mange land er vegprosjekta det fyrste steget. Dei er lette å få igjennom. Du får ikkje alle dei sosiale problema, som kan dukka opp med sjukehus, skular og slike ting».

OPS-mannen var overraska over at Noreg er på full fart inn i OPS-eventyret: «Vi trudde ikkje Noreg skulle vera så interessert. Det finst jo ei eiga nordisk haldning til offentlege tenester. Men det går verkeleg fort der oppe no», skrøyt han. Og han var fullt klar over at eit av selskapa som står bak eksportoffensiven frå London har bidratt til at Noreg har fått opp farta: «KPMG har vore ganske aktive i Noreg og fått til ein god del no».

KPMG-rapporten
Kva er KMPG? KPMG er eit globalt rådgjevingsselskap som har jobba mykje med rådgjeving i OPS-prosjekt i Storbritannia, New Zealand, Australia og fleire land. «Vi har ei reint kommersiell interesse i dette», opplyste Ben Guren til Klassekampen 21.08.04 Han styrer KPMGs avdeling Rådgivning for offentlig sektor.

«KPMG er markedsledende innen OPS. Vi tilbyr rådgivning om alle sider ved OPS-prosjekter, inkludert forretningsmessig og politisk gjennomførbarhet», skriv KPMG i Storbritannia på si nettside. KPMG har vore involvert som rådgjevar ved over 140 britiske OPS-prosjekt, til ein total kontraktsverdi av over 500 milliardar kroner.

Dette firmaet var det Nærings- og handelsdepartementet under Ansgar Gabrielsen (H) hyra inn for å laga ein rapport om erfaringane med OPS i utlandet og utsiktene for OPS i Noreg. Rapporten kom på bordet i mars 2003: «Dersom OPS skal bli noe mer enn sporadiske forsøk i enkeltetater eller kommuner de neste fem årene, må det tas initiativ fra sentralt hold for å utvikle et marked», skriv KPMG. Og selskapet tilrår så absolutt at det blir tatt slike initiativ. For OPS har vore litt av ein suksess i Stortbritannia, skal vi tru rapporten frå KPMG.

Og det gjorde i alle fall departementet. Rapporten vart sendt ut på høyring, med logoen til KPMG i det eine hjørnet og departementet sin i det andre. Ingen stad gjekk det fram at KPMG er eit firma med kommersielle interesser i utviklinga av OPS-marknaden. Og rapporten vart lagt til grunn for arbeidet med ei rettleiing om OPS som skal gå ut frå staten til alle kommunar og etatar over heile landet.
 
- «Mitt inntrykk er at denne rapporten held ein god standard», uttalte avdelingsdirektør Pål Hellesylt i Nærings- og handelsdepartementet til Klassekampen 21.08.04. «Denne rapporten ser på ingen måte truverdig ut. Det verkar ikkje som om KPMG prøver å fortelja sanninga om erfaringane med OPS i Storbritannia», uttalte derimot seniorforskar David Price ved University College Londons School of Public Policy 12 dagar seinare. Då hadde Price, ein av dei fremste forskarane på OPS i Storbritannia, og ein kollega gått igjennom delar av rapporten. Hadde departementet stolt på ein rapport der bukken fortalte om tilstanden i havresekken?
 
Value for money
KPMG hevdar i rapporten: «I analysen av 250 OPS-prosjekter kom det frem at OPS-prosjektene hadde bidratt til øket 'value for money'. Studien viste at i snitt hadde OPS gitt 17 prosent mer for pengene enn den vanlige offentlige modellen».

Kjelda for KPMGs påstand er ein rapport datert 2000 frå «HM Treasury Taskforce», det vil seia OPS-gruppa til det kongelege Finansdepartementet i London. Referansen ser solid ut. Ved nærare ettersyn viser det seg at:

  • Rapporten vart skriven av Andersen Consulting, eit privat konsulentfirma med like klare kommersielle aktørinteresser i OPS-marknaden som KPMG.
  • Rapporten tar for seg 29 britiske OPS-prosjekt, ikkje 250. KPMG har lagt til dei siste 221 på eiga hand.
  • Over 80 prosent av den påståtte innsparinga skriv seg frå berre tre av dei 29 prosjekta.

• Og mest interessant: Dei 17 prosentane er ikkje realisert innsparing, men innsparinga som er prosjektert av OPS-ivrige tenestemenn når dei har sendt inn prosjektet for godkjenning hos regjeringa. Om gullet og dei grøne skogane faktisk har materialisert seg, seier Andersen Consulting ingenting om. Har det gått bra, eller har det gått dårleg? Det får ikkje lesaren vita i KPMG-rapporten.

 

Veldig mykje har gått veldig dårleg. Det famøse IT-prosjektet National Insurance Reporting System (NIRS2) frå 1995, der Andersen Consulting skulle laga eit nytt datasystem for heile den britiske folketrygda. Prosjektet inngår i studien der Andersen Consulting fann sine 17 prosent i gjennomsnittleg innsparing. Men det inngår berre slik det såg ut på papiret, ikkje slik det vart i praksis.

Anno april 2000 var prosjektet tre år forseinka og plaga av enorme tekniske vanskar. Tala frå den britiske Riksrevisjonen (National Audit Office) viste at kostnaden for skattebetalarane låg 655 millionar kroner over dei prosjekterte utgiftene.

Økonomisk sett var NIRS2 ein gigantisk fiasko for den britiske staten. Dette var eit etablert faktum lenge før KPMG laga sin OPS-rapport til den norske regjeringa. Likevel baserer KPMG seg på tala for NIRS2 slik dei såg ut på papiret i 1995. Som om prosjektet hadde gått heilt etter planen.

Havaria som forsvann
KPMG hevdar: «OPS-prosjektene synes internasjonalt å bli ferdigstilt i henhold til plan. Dette bidrar til økt brukertilfredshet». David Price opplyste i Klassekampen 02.09.04: «Det finst ikkje prov som støttar denne påstanden. Seinast i februar undersøkte vi all litteratur frå the National Audit Office, som er den viktigaste finansielle vaktbikkja til parlamentet, for å sjå etter systematiske internasjonale undersøkingar av om OPS blir ferdigstilt på ein vellukka måte. Noko slikt er ikkje tilgjengeleg».

Men det finst ei lang rekke døme på OPS-havari i Storbritannia, sjølv om dei er lite synlege i den norske KPMG-rapporten.

  • ICLs dotterselskap Pathway fekk i mai 1996 oppdraget med å utvikla eit magnetstripekort for britiske trygdemottakar og tilhøyrande kort-terminalar i postkontora, der trygda for det meste blir utbetalt. Kalkulert kontraktsverdi var rundt 12 milliardar kroner (diskontert) over sju år. Pathway klarte ikkje å levera i tide. I mai 1999 vart magnetkortet gjeve opp. Dei fyrste forseinkingane kosta Sosialdepartementet 6,4 milliardar kroner i tapt innsparing. Kanselleringa førte til at Posten i Storbritannia, der kortterminalane stod til liten nytte, tapte milliardar av kroner.
  • Som nemnt vart NIRS2 kraftig forseinka og 53 millionar pund fordyra.
  • Siemens fekk i juli 1997 ein tiårskontrakt verdt 1,5 milliardar kroner for å utvikla eit system for informasjonen frå søknader om britisk pass. Innan 1999 var forseinkingane for handsaming av passøknader 25 til 50 dagar samanlikna med målet på ti dagar, talet på søknader som vart liggjande auka til 565 000 frå 300 000 året før. Regjeringa vart nøydd til å utvida levetida på eksisterande pass med to år, setja inn 100 ekstra byråkratar ved passkontora og oppretta eit ringjesenter for å ta seg av alle som venta. Total ekstrakostnad er estimert til 156 millionar kroner.

• I London-bydelen Tower Hamlets blir ungane no undervist i skulebygg som har stått halvferdige i over eitt år, etter at entrepenørselskapet Ballast vart lagt ned av dei nederlandske eigarane midt i kontraktperioden.

 

Hypotetisk innsparing
KPMG hevdar: «Vi kan (i utanlandske OPS, red.anm) observere følgende mønstre:
- Risiko som følger av offentlig myndighetsutøvelse er plassert hos det offentlige.
- Risiko knyttet til prosjektering, bygging, tekniske løsninger, drift og vedlikehold er plassert hos den private part».

Det finst ingen prov som kan støtta denne påstanden, hevdar David Price. «Risikofordeling» er det mest sentrale spørsmålet i diskusjonen om OPS. Den britiske regjeringa vedgår at privat finansiering blir dyrare enn om staten tek opp lån sjølv. Derfor er det no fortenestene ved at privat sektor ber ein del av risikoen som skal skapa innsparinga ved OPS.

Ein artikkel i BMJ (British Medical Journal) frå 2002, om OPS i britiske sjukehus, viste at offentleg finansiering var det billegaste alternativet fram til påstått innsparing ved «risikofordeling» vart sett inn i reknestykka. «Involveringa av privat finans i å ta risikoen ved utføringa er avgjerande for fordelane OPS tilbyr», skreiv Finansdepartementet i London i juli 2003.

Den nemnte rapporten frå Andersen Consulting hevda at 60 prosent av innsparingane gjennom OPS skriv seg frå «risikofordeling». Men all denne innsparinga er hypotetiske kalkylar. Dei seier ingenting om kva som faktisk skjer med utgiftene når noko går gale. «Mangelen på finansiell evaluering [...] er svært slåande», konkluderer ein rapport om erfaringane med OPS, levert til den britiske revisorforeininga, Association of Chartered Certified Accountants.

Forskarane ved Public Health Policy Unit har gjort sin eigen studie av risikofordeling i OPS. Den er basert på dei åtte einaste prosjekta som Riksrevisjonen har gått inn i etter at dei er komne i drift. Resultatet kom på bordet i august 2004. Forskarane fann at når noko fyrst går gale, er det slutt på det vennlege partnerskapet. Risikoen blir pressa tilbake på offentleg sektor.

  • ICL fekk i 1998 kontrakten på å utvikla kommunikasjonssystemet Libra for det britiske rettsvesenet. Kostnadene auka frå opphavleg 2,3 milliardar kroner til 3,9 milliardar. Trass i kontraktbrot frå ICL, førte trugsmåla frå selskapet om motsøksmål til at staten ikkje ville krevja erstatning. I staden for å la det private selskapet faktisk ta sin del av risikoen, laga departementet ei løysing som var «langt mindre fordelaktig for departementet enn dei eksisterande kontraktvilkåra», skriv Riksrevisjonen.
  • IT-skandalen NIRS2 førte til at Andersen Consulting (no kalla Accenture) måtte ut med 51 millionar kroner, staten tok resten av dei overskridande kostnadene: 604 millionar kroner. Ein årsak til dette var at Andersen hadde sikra seg opphavsrett på den nye programvaren. Riksrevisjonen meiner kostnaden det offentlege ville fått ved å byta til ein annan leverandør ville blitt over 540 millionar kroner. I denne situasjonen hadde ikkje staten forhandlingsmakt til å oppnå ei faktisk deling av risikoen ved gigantprosjektet.
  • Channel Tunnel Rail Link, tunnellen til Frankrike, skulle vera eit Offentleg privat samarbeid med delt risiko. Men dei store økonomiske vanskane enda med at det kom nok offentlege pengar på bordet til at «kreditorane skulle bli tilbakebetalt» då regjeringa drog fram 123 milliardar kroner for at det offentlege skulle kjøpa tilbake det privatiserte selskapet Railtrack.
  • Av dei 156 millionar kronene i ekstra kostnad som Siemens' fallitt i det nemnte passprosjektet førte med seg, måtte Siemens ut med 850 000 kroner i kompensasjon.

• Av den ekstra profitten på 130 millionar kroner som utbyggjarane av Fazakerley-fengslet oppnådde gjennom refinansiering, fekk staten 6,1 millionar kroner.

 

«Det er ingenting som tyder på at det finst eit rimeleg tilhøve mellom profitten dei private selskapa tek ut gjennom OPS og den faktiske risikoen dei tek på seg», kommenterte David Price 02.09.04. Det store spørsmålet er dermed om desse offentlege pengane faktisk går til det som parlamentet har vedteke at dei skal gå til - offentlege tenester.

Då Klassekampen kontakta Dag Strømsnes for å høyra hans reaksjon på kritikken av feil og manglar i OPS-rapporten, kom dette svaret på epost: «Vi har bestemt oss for ikke å uttale oss vedr. dette eller andre ting vedr. OPS i fortsettelsen. Ta kontakt med KPMG eller rapportforfatterene i UK som har skrevet underlagsdokumentene. Vennlig hilsen Dag». På dette tidspunktet hadde Dag flytta seg til konsuelentselskapet PricewaterhouseCoopers.

 Men før han flytta seg, rakk Dag å gjenomføra nok eit oppdrag for staten. Han fekk nemleg jobben med å føra i penna den statlege rettleiinga om OPS også. Denne «veilederen» skal vera grunnlaget for bruken av OPS i kommunar og statlege etatar landet over. Den blir jobba med hos Moderniseringsdepartementet, som ved opprettinga i juni 2004 fekk ansvaret for å gjennomføra OPS-offensiven. Moderniseringsminister Morten Meyer (H) burde ha solid bakgrunn for eigne meiningar. Han kom i si tid til regjeringa frå sin jobb som konsulent i KPMG.

På alle sider av bordet
Frå Storbritannia har vi sett at KPMG på ein imponerande måte er i stand til å sitja på alle sider av bordet:

  • Nært involvert i utviklinga av OPS-politikken til regjeringa.
  • Rådgjevar ved utplukkinga av OPS-kontraktørar.
  • Rådgjevar for private firma som slåss om OPS-kontraktar.
  • Revisor og rådgjevar for selskap som får OPS-kontraktar.
  • Storaktør i rådgjevingstenester under vegs i OPS-prosessen.
  • KPMG kan sjølv levera tilbod på administrative funksjonar i eit OPS-prosjekt.

• KPMG lagar rapportar som evaluerer resultata av OPS.

 

Ein rapport frå Storbritannias største fagforbund, Unison, om OPS under Tony Blair konkluderer med at «vi må tilbake til 1700-tallet for å finna eit system som på dei vesentlege punkta legg så lite akt på normene for offentleg administrasjon». I Noreg har KPMG i tillegg altså levert den ansvarlege statsråden.
Etter avsløringane i Klassekampen måtte Morten Meyer vedgå at det var gått litt for langt. På spørsmål frå SV om KPMGs rolle i å utarbeida den statlege «veilederen» om OPS, svarte Meyer: «Når det gjelder utformingen av veilederen, er jeg opptatt av at det skal være departementet som ivaretar denne del av arbeidet. Det skal ikke være tvil om at denne type dokumenter er et resultat av departementets egne vurderinger. Jeg ser derfor at det var uheldig at KPMG bisto med skrivearbeid i denne fasen av prosessen».

KPMG tykkjer nok ikkje det var uheldig å bistå. Selskapets Ben Guren opplyste til Klassekampen at det ligg god reklame i å jobba for departementet:

«Folk les rapportane om OPS, dei ringjer departementet, som seier 'ring KPMG, som kan dette'. Dette skjer ofte», sa Guren. Dette var på eit tidspunkt då OPS lå under Moderniseringsdepartementet. Som lå under Morten Meyer. Som kom frå KPMG. No er vi kanskje nærare å forstå den norske entusiasmen for OPS.

E&Y: Konsulentveldet i aksjon
Dei fire store står sentralt i OPS-offensiven. Kven er dei fire store? Dei er dei fire store attlevande internasjonale revisjons- og konsulentselskapa: Ernst&Young, KPMG, PricewaterhouseCoopers og Deloitte. I Storbritannia er det avslørt ei rad tilfelle av at same selskap har vore konsulent på offentleg og privat side i eit OPS-prosjekt, og samtidig involvert som revisor. Kva skjer i Noreg?

Her har Stortinget set i gang tre store prøveprosjekt under Vegdirektoratet. Det er snakk om tre vegar i milliardklassen, med mange bruer og tunnellar. Vegdirektoratet hyra inn Ernst&Young (E&Y) som rådgjevar for alle tre prosjekta. Dette fordi E&Y har OPS-kompetanse, frå Storbritannia. Selskapet fekk vera med å utvikla den norske OPS-modellen og kontraktane. Deretter var E&Ys konsulentar med på å innstilla på selskapa som vann milliardkontraktane.

29. april 2004 vart kontrakten på 18 kilometer ny E39 mellom Lyngdal og Flekkefjord, verdt rundt 1,2 milliardar kroner, tildelt Allfarveg AS. Allfarveg er oppretta av Veidekke ASA og Sundt AS. Revisjonsfirmaet til Veidekke ASA heiter Ernst & Young. Revisjonsfirmaet til Allfarveg AS heiter Ernst & Young. Og Ernst & Young bidrog også som rådgjevar for Allfarveg AS under vegs i kontraktsprosessen, opplyste dagleg leiar for Allfarveg Torgeir Øvstebø til Klassekampen 25.09.04.
E&Y er på alle sider av bordet også i den største einskilde vegkontrakten i Noreg nokon gong, den 1,5 milliardar kroner store utbygginga sør for Trondheim. Vinnarfirmaet, Orkdalsvegen AS, valde E&Y som revisor. Og selskapet har kjøpt konsulenttenester frå E&Y i samband med dette OPS-prosjektet. «Dette luktar ikkje godt», kommenterte Jan Borgen frå antikorrupsjonsorganisasjonen Transparency Norge i Klassekampen.

I Skottland er E&Y kasta ut som OPS-rådgjevar for offentleg sektor på grunn av ei tilsvarande dobbeltrolle. Selskapet var hyra inn som finansiell rådgjevar for kommunen Fife. Ti flunkande nye skulebygg skulle bli til gjennom OPS. Blant selskapa som ville slå kloa i kontrakten, verdt omlag 650 millionar kroner, var storentreprenøren Jarvis. Våren 2003 oppdaga kommunestyret at E&Y var revisoren til Jarvis. I tillegg selde E&Y også andre tenester til selskapet, som totalt betalte rundt 25 millionar kroner til E&Y i 2002.

«Ernst & Young var i ei dobbeltrolle. Det var ein openberr interessekonflikt. Vi kasta dei ut utan nøling. Det er snakk om store summar her, og vi må ha visse standardar», uttalte kommunestyrerepresentant Andrew D. Arbuckle frå Liberaldemokratane til Klassekampen.

OPS kan gje innsparing
Mange av britane føler seg lurt. Dei er mot privatisering, men landet blir privatisert likevel. «OPS er ein taktikk for å driva igjennom privatisering sjølv om opinionen er imot. Hadde regjeringa gått inn for å privatisera helsevesenet i Storbritannia, hadde det blitt opprør», uttalte Margie Jaffe, OPS-ekspert i Unison, til Klassekampen 14.08.04. Meiningsmålingar viser at over 80 prosent av britane er negative til at private selskap skal driva offentlege tenester for profitt, opplyste Jaffe. Men med OPS er det akkurat dette som skjer.

Skattepengar blir skuffa over i storselskapa sine lommer, men ingen får innsyn i kontraktane. Dei er «forretningsløyndomar». Mange britar føler seg rana. Som innbyggjarane på øya Skye. Dei har i ni år betalt bompengar til OPS-selskapet som bygde den nye brua over til fastlandet. Dette var det fyrste OPS-prosjektet i Storbritannia. Og same dag som brua opna, vart ferietrafikken stogga. Bompengane gjekk opp i over 60 kroner for å kryssa brua ein veg. Det er henta ut 387 millionar kroner frå bilistane over ni år. I tillegg har styresmaktene stått på med subsider og støtte. Den opphavelege prislappen på brua tilsvarte 293 millionar kroner. No ser ho ut til å ha kosta samfunnet summar tilsvarande 1,1 milliard kroner, skreiv George Monbiot i The Guardian 29.12.04. Brua er betalt over tre gonger. Investorane ler heile vegen til Bahamas.

Men det finst innsparingar ved OPS. Det skal vi ikkje underslå. Ikkje minst når dei private selskapa tek over drifta også, for eksempel ved sjukeheimar eller fengsel, er det pengar å spara, har det vist seg. Den radikale tankesmia Catalyst har gjort ein analyse av korleis OPS påverkar lønns- og arbeidsvilkår.

  • I 2002 og 2003 tente fengselsvaktene i privatkontrakterte fengsel 16 077 pund i året. I dei offentleg eigde fengsla låg lønna 43 prosent høgare: 23 017 pund.
  • Dei privat tilsette hadde to timar lengre arbeidsveke enn dei offentlege.
  • Dei private hadde 20-23 fridagar i året, mot 25-33 i det offentlege.

• Pensjonsordningane var langt dårlegare for dei tilsette i OPS-fengsla.

 

Her ser vi kanskje ein annan viktig grunn til den veksande entusiasmen i visse sirklar for OPS - «et originalt samarbeid mellom offentlig og privat sektor».

Tips andre om artikkelen

Send til flere mottakere med komma mellom adressene


RSS For velferdsstaten

Boka Velferdsprofitørene

Les kronikker, omtale og debatt om boka her. Boka kan bestilles hos Forlaget Manifest.

Ta tjenestene tilbake

Se våre ressurssider om hvordan kommune og stat kan ta tjenestene tilbake.

Notater

Kommersielle skoler i Norge
Lærdommer fra Skottlands solidariske helsevesen
Konkurranseutsatte sykehjem i Norge
Alle pengene til barna?
NHO på ville veier?

Skriftserie

Mål - eller mening?
Ta tjenestene tilbake
Private sugerør i fellesskapets kasser
Når tall blir politikk

Alle heftene kan bestilles gratis her.

 

 



 

 

 

smartedit